Ein tromme frå 1691 har skapt strid mellom Danmark og det samiske folket i Noreg. No har Danmarks nasjonalmuseum konkludert med at dei vil gi tromma tilbake.
Det opplyser det danske kulturdepartementet til VG.
Saka har skapt stort engasjement den siste tida, og torsdag førre veke overleverte det danske nasjonalmuseet si faglege vurdering av saka.
– Vi har nettopp sendt vår faglege vurdering til Kulturministeriet, som skal treffe den endelege avgjerda om tromma, seier forskingssjef Christian Sune Pedersen ved Nationalmuseet i ein e-post til NTB tysdag formiddag, altså før konklusjonen i vurderinga var kjend.
Konflikten dreier seg om ein tromme som vart konfiskert i Sápmi under trolldomsprosessane i 1691 og sendt til København til oppbevaring på det danske nasjonalmuseet.
I dag er den kulturelt viktige tromma tilbake på samisk jord, nærare bestemt ved det samiske museet i Karasjok, men berre på ein utlånsavtale som går ut 1. desember i år.
Derfor har Sametinget og museumsstiftinga RiddoDuottarMuseat innstendig bede om å få overta eigarskapen til tromma.

